Hopp til hovudinnhald

Tilsette i høgare utdanning treng meir digital kompetanse

Publisert: 18. juni 2024

Det varierer kor langt den digitale transformasjonen har kommen blant tilsette i universitets- og høgskulesektoren. Og dei treng større medvit om pedagogisk bruk av digital teknologi.

– Vi må ta innover oss at teknologien er i rask utvikling, samstundes som vi framleis skal utdanne kompetente, kunnskapsrike og sjølvstendige kandidatar. Universiteta og høgskulane må kople digital teknologi med fagleg innhald på måtar som fremjer læring og arbeidslivsrelevans. Det handlar om å ta teknologien i bruk på ein fornuftig og pedagogisk måte, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ivar B. Prestbakmo (Sp).

Det er stor politisk merksemd om bruk av digital teknologi i høgare utdanning. Samstundes aukar også merksemda på vurdering for læring, altså korleis vurderingsprosessar kan støtte og utvikle studentanes læring (formativ læring).

Digital teknologi gjer moglegheiter for innovasjon og for å tekne nytt om formative læringsprosessar.

Forskarar frå NIFU oppsumerar at digital teknologi kan gje meir effektive og fleksible formative læringsprosessar, at ein kan gje rike tilbakemeldingar, støtte samarbeid og studentvurderingar.

Forskarane har også funnet at det er stor variasjon i kor langt den digitale transformasjonen er kommen. Nokre er i oppstartfasen med å skape medvit om vurdering for læring som pedagogisk tilnærming, med og utan digital teknologi. Andre har bevega seg til eit institusjonelt fokus på teknologiens rolle i eit heilskapleg læringsdesign.

– For å styrke pedagogisk bruk av digital teknologi krevst det at undervisarar har både teknologisk og pedagogisk kompetanse, seier prosjektleiar Aslaug Louise Slette frå NIFU.

– Desse må igjen foreinast med fagdidaktisk kompetanse. I tillegg trengst medvit om vurderinga si rolle i ein læringsprosess, og kunnskap om korleis digital teknologi kan støtte dette, avsluttar Slette.

– Sjokkbølger i høgare utdanning

Lanseringa av ChatGPT i november 2022 sende sjokkbølger gjennom høgare utdanning.

Den første fasen etter lanseringa var prega av mykje uvisse og frykt, men no opplever institusjonane at det har skjedd eit stemningsskifte blant tilsette og studentar. Det viser eit notat frå NIFU.

Den raske utviklinga og mangel på kompetanse om kva kunstig intelligens kan og ikkje kan gjere, har gjort det krevjande for institusjonane å utarbeide konkrete tiltak. Notatet viser at utviklinga er i støypeskeia, trass ei viss modning når det gjeld synet på ChatGPT og liknande teknologiar. Institusjonane opplever no ei dreiing av fokus mot korleis lærestadane kan bruke generativ KI på ein god måte.

Fakta

Forskingsprosjektet Bruk av digital teknologi i høyere utdanning (Digitek-UH) skal få fram praktisnær kunnskap om teknologi i høgare utdanning, med fokus på undervisarar og studentar.

NIFU, Universitetet i Oslo og Høgskulen i Innlandet gjennomfører prosjektet på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning i kompetanse (HK-dir), Sikt og NOKUT.