Hopp til hovudinnhald

Nettside under konstruksjon

Nettside under konstruksjon

hkdir.no fylles fortsatt med innhold og funksjonalitet. Du vil derfor oppleve at noe innhold fortsatt befinner seg på andre nettsteder, at det mangler eller at det er funksjonalitet som ikke virker 100%. Ta kontakt med oss på post@hkdir.no hvis du savner innhold.

9 av 10 bestod Statsborgarprøva

Publisert: 20. februar 2023

Resultata for heile landet viser at 91 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøva i 2022.

Mann i hvit skjorte sitter i en rød stol og ser i kamera.

Foto: Ole Palmstrøm

I løpet av fjoråret var det totalt 7216 personar som tok Statsborgarprøva. Enkelte avla prøven meir enn ein gang, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell).

– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Digital kunnskapsprøve

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse utviklar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei prøve i samfunnskunnskap som skal måle kjennskap til grunnleggande historiske, sosiale, økonomiske og politiske tilhøve i Noreg, og kjennskap til grunnleggande plikter og rettar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.

Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest opp frå ei lydfil. Prøva inneheld 32 poenggjevande spørsmål, der deltakarane må svare rett på minst 24 av dei for å bestå.

Frå 1. januar 2017 har det blitt stilt krav om at alle som søkjer om norsk statsborgarskap og er mellom 18 og 67 år må bestå Statsborgarprøva. Prøva finnast på båe på bokmål og nynorsk. 99 prosent av kandidatane tok prøven på bokmål i 2022.

Resultat på Statsborgarprøva i 2022 fordelt på fylke

FylkeTal på kandidatarProsentdel har beståttProsentdel ikkje bestått
Agder33590 %10 %
Innlandet26487 %13 %
Møre og Romsdal28388 %12 %
Nordland17486 %14 %
Oslo145393 %7 %
Rogaland69693 %7 %
Troms og Finnmark26292 %8 %
Trøndelag55587 %13 %
Vestfold og Telemark34489 %11 %
Vestland86292 %8 %
Viken198891 %9 %
Heile landet721691 %9 %

Meir informasjon om statsborgerprøva

Helena Sæter

Senior kommunikasjonsrådgjevar

E-post:helena.sater@hkdir.no

Telefon:934 33 302