Organisasjon og leiing
Her finn du informasjon om leiargruppa, divisjonar og avdelingar. I tillegg til hovudkontor i Bergen, har vi kontor i Tromsø, Trondheim, Oslo og Brussel.
Sist oppdatert : 10. mai 2024Leiargruppa
Sveinung Skule har lang erfaring frå leiing av forsking og forvaltningsverksemd innanfor høgare utdanning og kompetansepolitikk. Han har vore forskar og forskingsleiar i Fafo, forskingsdirektør ved Høgskolen i Oslo (nå OsloMet), og i perioden 2010–2020 var han direktør for NIFU – Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.
Skule har òg vore avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, med ansvar for kompetansepolitikk, og direktør for Kompetanse Noreg. Han leier det regjeringsoppnemnde Kompetansebehovsutvalet.
Skule har doktorgrad i industriell økonomi frå Norges tekniske høyskole (nå NTNU).
sveinung.skule@hkdir.no
92 06 92 19
Kontorstad: Oslo og Bergen
Gro Tjore har jobba med utdanning sidan 2006, med hovudvekt på internasjonalt samarbeid i høgare utdanning. Sidan 2018 har ho jobba mykje med organisasjonsendring og -utvikling, og har leia fleire store omstillingsprosessar. Ho har bakgrunn frå humanitært arbeid og har ni års erfaring frå Verdas matvareprogram i ulike land og stillingar.
Tjore er cand.polit. med hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og har tilleggsutdanning i endringsleiing og innovasjon frå Norges handelshøyskole.
gro.tjore@hkdir.no
41 19 16 31
Kontorstad: Bergen
Asbjørn Støverud har jobba med vaksne si læring sidan tidleg 2000-tal, både som lærar, skuleleiar og på skuleeigarsida . Han starta i 2020 i Kompetanse Noreg som avdelingsdirektør for læreplan og prøvar. Før dette kom han frå stillinga som leiar for Oslo vaksenopplæring.
Gjennom ulike leiarstillingar har Støverud opparbeidd seg erfaring frå arbeids- og kompetansepolitikk og store delar av det norske skulesystemet.
Støverud er cand.philol. med hovudfag i nordisk og praktisk-pedagogisk utdanning frå Universitetet i Bergen.
asbjorn.stoverud@hkdir.no
90 86 11 58
Kontorstad: Oslo
Ragnhild Tungesvik har jobba med høgare utdanning i ei årrekke, både som undervisar og programadministrator knytt til internasjonalt samarbeid. Ho har vore leiar for utgreiings- og analysearbeidet i tidlegare Diku, og er opptatt av kunnskapsbaserte løysingar for å styrke kvalitet og tilgjengelegheit i høgare utdanning.
Tungesvik er cand.polit. med hovudfag i pedagogikk frå Universitetet i Oslo, og har tilleggsutdanning i leiing frå Norges handelshøyskole.
ragnhild.tungesvik@hkdir.no
95 02 51 53
Kontorstad: Bergen
Dag Hovdhaugen har jobba med skule og utdanning i meir enn ti år. Han har vore assisterande direktør for Utdanningsetaten i Oslo og leiar for avdelinga i NOKUT som godkjenner utdanning frå utlandet. Hovdhaugen har òg leiarerfaring frå ulike stillingar i Oslo kommune og har jobba mykje med planlegging og organisasjonsutvikling.
Hovdhaugen er utdanna på Universitetet i Oslo og har ei mastergrad frå Harvard University.
dag.hovdhaugen@hkdir.no
99 50 06 04
Kontorstad: Oslo
Kristine Offerdal har bakgrunn frå akademia, både som forskar, undervisar og i ulike leiarstillingar. Ho kom til HK-dir i 2022 og var før det avdelingsdirektør i Forsvarsdepartementet, der ho jobba med kompetansepolitiske spørsmål i forsvarssektoren. Offerdal har doktorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo.
kristine.offerdal@hkdir.no
95 14 08 16
Kontorstad: Oslo
Kristin Solheim har lang erfaring som leiar på kommunikasjonsfeltet , og jobba som kommunikasjonsdirektør i Diku før ho gjekk inn i tilsvarande stilling i HK-dir. Ho har òg jobba som informasjonsleiar ved Høgskulen i Bergen.
Solheim er cand.polit. i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen
kristin.solheim@hkdir.no
93 22 85 73
Kontorstad: Bergen
John Rasten har lang erfaring som leiar i ulike statlege sektorar, med vekt på økonomi- og verksemdsstyring. Dei siste åra har han leia administrasjonsavdelinga i Diku. Rasten har utdanning i økonomi, administrasjon og leiing frå BI.
john.rasten@hkdir.no
91666108
Kontorstad: Bergen
ellen.borg@hkdir.no
93 43 65 24
Kontorstad: Oslo
Divisjonar og avdelingar
Direktoratet er organisert i seks divisjonar med underliggande avdelingar og ein stab for kommunikasjon.
Divisjon for arbeidsliv og kompetanse
Avdelinga har ansvar for modulforsøk for vaksne i grunnopplæringa og for vaksne som tar grunnopplæring i kombinasjon med vidaregåande skule. Avdelinga samarbeider med Utdanningsdirektoratet om modulisering av grunnopplæringa for vaksne som hovudmodell i vaksenopplæringa. Arbeidet gir nye moduliserte læreplanar med tilhøyrande vurderings- og dokumentasjonsordningar frå hausten 2024. Da får også avdelinga fagleg ansvar for førebuande opplæring for vaksne.
Avdelinga har ansvar for læreplanar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, legg til rette for kompetanseheving for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa og tilbyr læringsressursar for vaksne i grunnleggande ferdigheiter og digital kompetanse.
Avdelinga følg opp ulike oppdrag på integreringsfeltet, oftast i samarbeid med andre direktorat som Arbeids- og velferdsdirektoratet og/eller Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).
Avdelingsleiar: Marita Kristiansen
Avdelinga forvaltar det prøveadministrative systemet som vaksne innvandrarar brukar for å gjennomføre prøvar i norsk, samfunnskunnskap, samt statsborgarprøven. I tillegg rettleier vi om lag 250 prøvestader der prøvene blir tatt i kommunane, samtidig som vi har ei eiga rettleiingslinje for prøvekandidatane både både på telefon, chat og e-post.
Avdelinga har òg ansvar for læringsressursen samfunnskunnskap.no, samt drift og utvikling av prøvane i samfunnskunnskap og statsborgarskap.
Avdelingsleiar: Hanna Krange
Avdelinga har ansvar for utvikling og produksjon av norskprøven fire gonger i året.
Norskprøven måler språkferdigheiter på nivå A1, A2, B1, B2 og C1, som er definert i eit felles europeisk rammeverk. I tillegg produserer vi prøvar for teiknspråkbrukarar. Vi har ansvar for å sørge for god kvalitet på sensur på skriftleg prøve gjennom å følge opp sensorkorpset som gjer vurderingane.
Avdelinga har òg ansvar for å produsere informasjons- og øvingsmateriell til prøven, og å gjere prøven og språknivåa kjende for arbeidsgivarar og andre samfunnsaktørar.
Avdelingsleiar: Sissel Mehammer
Avdelinga har ansvar for trepartssamarbeid om kompetansepolitikk og oppfølging av Kompetansepolitisk råd.
Vi følger opp regional kompetansepolitikk og kompetansepilotar for betre kopling mellom arbeidsliv og utdanning i distrikta. Videre jobbar vi med etter- og videreutdanning på alle utdanningsnivå, med vekt på arbeidslivet. Bransjeprogrammet og tilskot til fylkeskommunane for at fleire vaksne skal fullføre vidaregåande opplæring er viktige verkemiddel.
Vi utfører eit felles oppdrag med Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi om at fleire Nav-brukarar skal fullføre vidaregåande opplæring. Vi har ansvar for å vidareutvikle systemet for realkompetansevurdering og bidra til økt bruk. Vi har også rollen som koordinator for Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL) og for EUs agenda for livslang læring.
Avdelingsleiar: Margrethe Marstrøm Svensrud
Avdelinga har eit koordinerande ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning på tvers i direktoratet. Vi forvaltar driftsmidlar til fagskulane og fordeler nye studieplassar.
Avdelinga har òg ansvar for tilskotsordningar som utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning, industrifagskulen og program for maritim kompetanse. Sekretariatet for Nasjonalt fagskoleråd og seks nasjonale fagråd ligg i avdelinga.
Vi jobbar med å betre kunnskapsgrunnlaget for høgare yrkesfagleg utdanning, og har ansvar for den norske rapporteringa på yrkesopplæring gjennom Refernet – et europeisk nettverk av EUs medlemsland, Norge og Island.
Avdelingsleiar: Else Kathrine Nesmoen
Avdelinga har ansvar for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa og skal gjennom ulike verkemiddel bidra til kvalitetsutvikling og styrka internasjonalt samarbeid.
Vi forvaltar ordningar for nordisk og europeisk utdanningssamarbeid; Erasmus+ innan barnehage og grunnskole, vidaregåande opplæring, læring for vaksne og idrett, samt eTwinning.
Vi har ansvar for ulike språkprogram og ordningar der elevar kan ta heile eller delar av vidaregåande opplæring i utlandet, som vidaregåande skule i Frankrike og United World Colleges, og vi forvaltar forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte for utveksling i vg2.
Avdelingsleiar: Kristin Amundsen
Divisjon for høgare utdanning og forsking
Avdelinga arbeider med universell utforming, inkludering og heilskaplege læringsmiljø i høgare utdanning.
Ansvaret består i kunnskapsutvikling, formidling, faglege råd og rettleiing til institusjonane som har det lovpålagte ansvaret for at høgare utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsnedsetting. Vi koordinerer også institusjonane sine læringsmiljøutval. Vi har eit særskilt ansvar for universell utforming av IKT og digitalt utstyr, digitale tenester og læringsformer i UH-sektor.
Avdelinga forvaltar tilskot til drift av studentorganisasjonar og tilskot til studentsamskipnadene sitt velferdsarbeid. Vi forvaltar òg eit kompetansehevingsprogram med tilskotsordning for universell utforming.
Avdelingsleiar: Kjetil Knarlag
Avdelinga forvaltar tilskotsordningar som skal bidra til kunnskapsutvikling retta mot fleksibel og desentralisert utdanning, studentaktiv læring og arbeidslivsrelevans.
Vi har ansvar for kvalitetsfremmande tiltak i lærarutdanningane og vi skal bidra til å forbetre kvaliteten på tilbodet for læringa til vaksne i Europa gjennom plattforma EPALE.
Avdelinga skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring, pedagogisk innovasjon og utforsking av læringsteknologi i undervisninga. Vi driv også politikkutforming og strategiarbeid for å realisere målsettingane om auka bruk av digital teknologi i utdanning.
Avdelingsleiar: Ann-Tove Eriksen
Avdelinga varetar direktoratet si rolle som pådrivar, iverksettar og samordnar for digital omstilling i høgare utdanning og forsking. Dette inneber mellom anna ansvar for ein etablert samstyringsmodell for digitalisering, og ansvar for oppfølging av handlingsplan for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren.
Vidare har vi ansvar for kunnskapssektoren sitt datafellesskap (KUDAF), eit fireårig program for betre deling av data i kunnskapssektoren. Vi har òg ansvar for løpande styring og oppfølging av områda informasjonssikkerheit og personvern, samfunnssikkerheit og beredskap, og nasjonal sikkerheit i universitets- og høgskulesektoren.
Avdelingsleiar: Kristin Selvaag
Avdelinga forvaltar verkemiddel og kunnskap som fremmer kvalitetsutvikling og globalt kunnskapssamarbeid, spesielt retta mot prioriterte samarbeidsland utanfor Europa.
Vi har ansvar for arbeidet knytt til Panoramastrategien, som inkluderer forvaltning av programma UTFORSK og INTPART. I tillegg forvaltar vi NORPART, partnarskapsprogrammet som støttar samarbeid med det globale sør.
Avdelinga har også ansvar for utdanningsdimensjonen i EØS-ordninga og stipendordninga Students at Risk, samt global mobilitet og kapasitetsbygging i høgare utdanning i Erasmus+.
Ansvaret for arbeidet med å fremme Noreg som samarbeids- og studieland ligg òg til avdelinga.
Avdelingsleiar: Hilde Haaland-Kramer
Avdelinga forvaltar verkemiddel for og kunnskap om utvikling av høgare utdanning, mellom anna gjennom europeiske, nordiske og nasjonale program som Erasmus+, Nordplus og Sentra for framifrå utdanning (SFU).
Avdelinga arbeider med tiltak for økt studentutveksling frå Noreg og for europeisk samarbeid, mellom anna med dei prioriterte landa Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Tiltak for norsk fagspråk, kunstnarleg utviklingsarbeid og kopling mellom høgare utdanning og forsking er andre viktige ansvarsområde.
Kunnskapskontoret i Brussel (NorCore) er knytt til denne avdelinga.
Avdelingsleiar: Jon Gunnar Mølstre Simonsen
Divisjon for godkjenning og opptak
Saman med avdeling for opptaksforvaltning har avdelinga ansvar for det nasjonale samordna opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.
Avdelinga har ansvar for utarbeiding av kunnskapsgrunnlag, utgreiingar og analysar knytt til opptaksregelverket, tolking av regelverk og utarbeiding av prosedyrar for sakshandsaming av søkarar til høgare utdanning. Vi gir òg informasjon om opptak til høgare utdanning og rettleier søkarar, potensielle søkarar og rådgivarar.
Avdelinga utgreier om utanlandsk vidaregåande utdanning fyller krava til generell studiekompetanse, og handsamar søkarar med utanlandsk bakgrunn i opptaket til høgare utdanning.
Avdelinga er sekretariat for Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak.
Avdelingsleiar: Rigmor Bjørkli
rigmor.bjorkli@hkdir.no
Saman med avdeling for regelverk og opptak har avdelinga ansvar for det samordna opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular. Avdelinga forvaltar òg opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning på nokre fagskular.
Avdelinga har ansvar for forvaltninga av opptaka og nasjonal vitnemålsdatabase, som blir understøtta av dei tekniske systema som er levert av Sikt. Vi har ansvar for brukarstøtte for søkarar, og til institusjonar som bruker opptakssystema.
Vi produserer og leverer statistikk og analysar av opptaksdata til Kunnskapsdepartementet og media. Vi utformar retningslinjer, prosedyrar og arbeidsflyt for lærestadane for å sikre god gjennomføring av opptaka.
Avdelingsleiar: Jørgen Ofstad
jorgen.ofstad@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for godkjenningsordninga for utanlandsk høgare utdanning. Godkjenning fører fram til vedtak om at den utanlandske utdanninga heilt eller delvis er likestilt med norsk høgare utdanning. Det blir ikkje gjort ei fagleg vurdering av innhaldet i utdanninga.
Vi tilbyr òg automatisk godkjenning av utvalde høgare utdanningar frå 20 land, i form av ei standardisert fråsegn som viser kva den utanlandske utdanninga svarer til i Noreg.
Vidare tilbyr vi ei rådgivingsteneste for arbeidsgivarar, UH-institusjonar og Lånekassen, og turbovurdering for arbeidsgivarar og ph.d.-opptak.
Avdelinga forvaltar òg GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkarar), som gir ei oversikt over utdanningar frå andre land som gir generell studiekompetanse i Noreg.
Avdelingsleiar: Einar Meier
einar.meier@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for to ulike godkjenningsordningar.
Godkjenning av utanlandsk fag- og sveinebrev er ei fagleg godkjenningsordning der ein samanliknar utanlandsk fag- og sveinebrev med ein norsk kvalifikasjon. Her samarbeider vi tett med dei faglege råda, som bistår med den faglege vurderinga.
Gjennom godkjenningsordninga for utanlandsk høgare yrkesfagleg utdanning ser vi på nivå, omfang og kvalitetssikring av den utanlandske fagskule- eller fagskuleliknande utdanninga.
Avdelingsleiar: Silje Molander
silje.molander@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for godkjenningsordninga for lærar og styrar/pedagogisk leiar i barnehage. Dette er lovregulerte yrke – det vil sei at personar med utanlandske kvalifikasjonar må ha godkjenning for å få fast jobb som lærar eller styrar/pedagogisk leiar i barnehage i Noreg.
Avdelinga har òg et særskilt ansvar for rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning hos ulike interessentar. Det er mellom anna søkarar til godkjenningsordningane våre, andre godkjenningsmyndigheiter, integrerings- og hjelpeapparat og utdanningsinstitusjonar i Noreg. Vi rettleier òg utanlandske interessentar om det norske utdanningssystemet.
Avdelingsleiar: Helén Sophie Haugen
helen.haugen@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for intervjubasert godkjenning av utanlandsk høgare utdanning. Dette er same godkjenningsordning som generell godkjenning av høgare utdanning, og er et tilbod til søkarar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere utdanninga si.
Ordninga blei oppretta med tanke på flyktningar og personar i ein flyktningeliknande situasjon, men er ikkje avgrensa til dette. Søkarar blir vist til ordninga dersom det ikkje er mogeleg å handsame søknaden innanfor vår ordinære dokumentbaserte godkjenningsordning. Vi brukar intervju med sakkunnige ekspertar på det aktuelle fagområdet til å sannsynleggjere at ein søkar har gjennomført ei gitt utdanning.
Avdelingsleiar: Helén Sophie Haugen
helen.haugen@hkdir.no
Divisjon for karriererettleiing
Avdelinga har ansvar for drift og utvikling av karriereveiledning.no, den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta.
Tenesta er anonym og gratis, og gjer karriererettleiing tilgjengeleg for heile befolkninga i Noreg via chat og telefon.
Avdelinga utviklar òg sjølvhjelpsverktøy på nettsida karriereveiledning.no og samlar inn brukardata frå tenesta. Desse blir brukt til intern tenesteutvikling og til å styrke kunnskapsgrunnlaget om karriererettleiing. Avdelinga samlar òg inn brukardata og statistikk frå dei fylkesvise karrieresentera.
Annakvart år arrangerer vi den nasjonale fagsamlinga for karrieresentera i fylka. Avdelinga samarbeider tett med avdeling for utdannings- og arbeidsmarknadsinformasjon og avdeling for kvalitet i karriererettleiing.
Avdelingsleiar: Eirik Øvernes
Avdelinga forvaltar nettstedet utdanning.no, som skal ha oppdatert og kvalitetssikra informasjon om alle utdanningstilbod på alle nivå. I tillegg har utdanning.no 600 yrkesskildringar, som viser arbeidsmarknad, lønn og bedrifter som har tilsette i yrket.
Vi forvaltar og vidareutviklar ei lang rekke karriererettleiingstenester, karriereinformasjon, arbeidsmarknadsinformasjon og støtteressursar for skuler, utdanningssøkarar og foreldre.
Avdelingsleiar: Mona Mathisen
mona.mathisen@hkdir.no
Avdelinga jobbar med kvalitets- og systemutvikling og utvikling av politikk og verkemiddel på karriererettleiingsområdet. Vi har ansvar for nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing med nettstad, og for nettstaden veilederforum.no.
Vi har fagleg ansvar for karriererettleiing i skulen og for karriererettleiing for flyktningar etter integreringslova, og arbeider for å styrke tverrsektorielt samarbeid og kunnskapsutvikling. Vi utviklar òg eit rammeverk for karriererettleiing for unge forskarar og jobbar for å styrke karriererettleiinga på universitet og høgskuler.
Avdelinga har nasjonalt ansvar for det europeiske nettverket Euroguidance og den europeiske plattformen Europass.
Avdelingsleiar: Ingjerd Espolin Gaarder
ingjerd.gaarder@hkdir.no
Divisjon for analyse og kunnskapsgrunnlag
Avdelinga har ansvar for undersøkingar og analysar knytt til heile HK-dir si portefølje.
Avdelinga gjennomfører og set ut spørreundersøkingar, bestiller data og statistikk og samarbeider tett med interne og eksterne fagmiljø for å kunne gjere analysar og skrive rapportar på direktoratet sine ansvarsområde.
Avdelinga har ansvar for psykometri og statistikk knytt til norskprøvane, statsborgarprøven og samfunnskunnskapsprøven, og har ansvar for sekretariatet for Kompetansebehovsutvalet.
Avdelingsleiar: Magnus Fodstad Larsen
magnus.larsen@hkdir.no
Avdelinga har eit nasjonalt ansvar for data og statistikk om høgare utdanning og publisering.
Vi forvaltar registerdata for universitet og høgskuler i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), og for høgare yrkesfagleg utdanning i DBH-Fagskole.
Vi driftar register over vitskapelege publiseringskanalar, også kalla Kanalregisteret, Europeisk register over tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap (ERIH PLUS), samt Norsk publiseringsindikator (NPI).
Avdelingsleiar: Kristin Gåsemyr
kristin.gasemyr@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for å utføre kvalitative studiar og analysar, kartleggingar og kunnskapssamanstillingar. Dette inkluderer utgreiingar av nye tiltak og ny politikk, analysar og evalueringar av HK-dir sine eigne verkemiddel, produkt og tenester og faste utgreiingsoppgåver knytt til Erasmus+.
Avdelinga har hovudansvar for forskningsoppdrag og evalueringar, og er det nasjonale knutepunktet for Eurydice, det europeiske informasjonsnettverket for utdanning.
Avdelingsleiar: Stig Helge Pedersen
stig.pedersen@hkdir.no
Divisjon for styring og organisasjon
HK-dir skal vere ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar, og her speler HR-avdelinga ei viktig rolle. Vi sørger for at alle tilsette har gyldige arbeidsavtaler og at dei får rett lønn til rett tid. Vi jobbar for at alle har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og at HK-dir har ein organisasjonskultur og ei organisering som fremmer godt samarbeid og effektiv oppgåveløysing.
Vi støttar og gir råd til leiarane i alt frå rekruttering til oppfølging av sjukmeldte. Vi legg rammene for strategisk kompetansestyring, og vi har ansvar for partssamarbeidet med dei tillitsvalde.
Avdelingsleiar: Hege Rognøy Fossåskaret
hege.fossaskaret@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for at rekneskapsføringa i HK-dir er i tråd med reglement- og bestemmingar om økonomistyring i staten. Rekneskapsføringa omfattar bokføring og pliktig rekneskapsrapportering.
Økonomiavdelinga rapporterer månadleg til statsrekneskapen, per tertial til departementet, og ved avslutning av rekneskapsåret. I tillegg bistår vi med rapportering til EU, Nordisk Ministerråd og EØS. Vi bistår andre avdelingar med økonomioppfølging av både internt og eksternt finansierte prosjekt. Vi sørger for at det er etablert system og rutinar som har innebygd intern kontroll for å sikre at rekneskapen er påliteleg og nøyaktig.
Avdelingsleiar: Svanhild Solhaug
svanhild.solhaug@hkdir.no
Avdelinga har det operative ansvaret for alle tilskota som dreier seg om kompetansepolitikk. I tillegg har vi ansvar for utvikling og oppfølging av tilskotsordningane til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar, samt Kompetansepluss-ordningane. Vi har òg ansvaret for ordninga med å godkjenne private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Avdelingsleiar: Charlotte Wold
charlotte.wold@hkdir.no
Avdelinga legg til rette for effektivitet, kvalitet og innovasjon i styring, kontroll og oppgåveløysing i direktoratet.
Vi koordinerer prosessar for å fastsette mål; prioritere, planlegge og budsjettere; og følge opp, lære og rapportere. Vi koordinerer styringsdialogen med oppdragsgivarane våre.
Vi har òg ansvar for å legge til rette for god dokumentasjonsforvaltning, og for arkivet i HK-dir. Vi har ansvar for drifta av kontorlokala våre, og for å legge til rette for intern sikkerheit og beredskap.
Avdelingsleiar: Jonas Sønnesyn
jonas.sonnesyn@hkdir.no
Avdelinga gir juridisk rådgiving og bistand til heile organisasjonen og har ansvar for strategisk utvikling på det juridiske området. Vi har òg ansvar for offentlege anskaffingar, sekretariatet for Felles klagenemnd og tilsyn.
Avdelingsleiar: Svenn Wold Gaulen
svenn.gaulen@hkdir.no
Avdelinga har ansvar for IKT-brukarstøtte, -drift, -sikkerheit og -utvikling i direktoratet, inkludert programvare, maskinvare, IKT-utstyr og AV-utstyr. Avdelinga samarbeider tett med leiar for informasjonssikkerheit.
Avdelingsleiar: Kenneth Hopsdal
kenneth.hopsdal@hkdir.no
Stab for kommunikasjon
Gjennom nettstadene våre og ulike marknadsføringsaktivitetar legg avdelinga til rette for at HK-dir sine program og tilskotsordningar er godt kjende og blir nytta av dei relevante målgruppene. Ei sentral og prioritert oppgåve er formidling av kunnskapsgrunnlaget gjennom innhaldsproduksjon og arrangement som Kunnskapsprat.
Avdelinga gir strategiske råd til leiinga og resten av organisasjonen i kommunikasjonsfaglege spørsmål, og har ansvar for eksterne kanalar som hkdir.no, nyheitsbrev og sosiale medium.
Avdelingsleiar: Andreas Kjeldsberg Pihl
andreas.pihl@hkdir.no
All mediekontakt i direktoratet blir koordinert i denne avdelinga, som òg leverer strategiske råd og kommunikasjonsfagleg støtte til direktøren.
Avdelinga legg til rette for at HK-dir kommuniserer tydeleg, heilskapleg og samordna på overordna nivå. Det inneber òg ansvar for merkevarer og grafisk profil, arrangementsstøtte, resepsjon og sentralbord.
Strategisk internkommunikasjon og kulturbygging er ei sentral oppgåve, og avdelinga har ansvar for intranettet.
Avdelingsleiar: Nesanet Hailemariam
nesanet.hailemariam@hkdir.no