Hopp til hovudinnhald

Auke i faste stillingar ved høgskulane og universiteta

Publisert: 8. november 2023

Kvart år rapporterer universiteta og høgskulane inn tal på årsverk ved institusjonane. Mellom anna rapporterer dei på faste og mellombelse stillingar, samt alderssamansetning og kjønn for dei tilsette på institusjonane.

Portrett av Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

- Heile, faste stillingar er viktig både for tryggleiken til den enkelte og for at vi som samfunn skal kunne møte behova for kompetanse best mogleg. Det er derfor positivt å sjå auken i faste stillingar i sektoren, seier Sveinung Skule direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Store variasjonar

Det er likevel relativt store variasjonar mellom dei ulike institusjonane når det gjeld bruk av mellombelse stillingar. Medan nokre har ein del som er tilnærma lik resten av samfunnet, ligg enkelte institusjonar høgare.

- Det vil alltid vere variasjonar i kor stor del av dei tilsette på eit universitet eller ein høgskule som er mellombels tilsett, og ofte er det naturlege forklaringar til det. Det er likevel viktig at institusjonane har eit bevisst forhold til bruken av mellombelse stillingar, og at dei jobbar aktivt for å auke bruken av faste stillingar, seier Skule.

Denne statistikken er basert på institusjonane si årlege innrapportering til HK-dir/DBH og syner årsverk på teljetidspunktet 1. oktober.

Statistikk som viser andelen midlertidige stillinger i universitet- og høyskolesektoren

I statistikken blir årsverka delt inn i ulike kategoriar, som til dømes undervisnings- og forskarstillingar, støttestillingar for undervisning og forsking, og teknisk-administrative stillingar.

Til saman utgjer desse tala eit kunnskapsgrunnlag som mellom anna blir brukt for å dokumentere kjønnsbalanse, bruk av mellombels tilsetjing, aldersfordeling, og storleik på fagmiljø i forhold til studenttalet.