Våre tenester

    Godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

    1. januar 2023 overtok Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ansvaret for godkjenningsordningane av utanlandsk utdanning frå NOKUT. Sjølv om vi no overtek det formelle ansvaret for søknadar som kjem inn frå 2023, vil informasjonen om dei ulike godkjenningsordningane inntil vidare liggje på nokut.no.

    Digitalisering i høgare utdanning og forskning

    Handlingsplan for digital omstilling

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har utarbeida ein handlingsplan for digital omstilling i høgare utdanning og forsking. Handlingsplanen gjeld for alle universitet og høgskular, HK-dir, Sikt og NOKUT. Den vil og kunne påvirke tilstøtande sektorar som instituttsektoren, helseforetak, andre delar av kunnskapssektoren og arbeids- og samfunnsliv.

    Samstyringsmodell for digitalisering

    Det er etablert en samstyringsmodell som skal bidra til realisering av strategi og handlingsplan for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren, samt måloppnåelse for gjeldende sektormål. Modellen skal sikre styring, innflytelse og brukerinvolvering fra institusjonene. Digitaliseringsstyret er øverste nivå i samstyringsmodellen.

    Referansearkitektur for deling av data

    Direktoratet forvalter en felles referansearkitektur for deling av data i høyere utdanning og forskning.

    Sikkerheit i høgare utdanning og forskning

    HK-dir har ansvar for løpande styring og oppfylging av områdane informasjonssikkerheit og personvern, samfunnssikkerheit og beredskap, og nasjonal sikkerheit i universitets- og høgskulesektoren. Direktoratet forvaltar Kunnskapsdepartementets rammeverk for handtering av alvorlege IKT-sikkerheitshendingar.

    Klagenemnder

    Direktoratet har sekretariatet for tre av klagenemndene under Kunnskapsdepartementet:

    Våre nettressursar

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Noreg, Universell og deler av Unit. Direktoratet har også fått oppgåver frå NSD. Det vil ta noko tid å få samkøyrt nettsidene til dei ulike verksemdene. Inntil vidare vil dei eksisterande nettsidene fungera tilnærma som normalt. 

    Sjå diku.no for meir informasjon om nasjonale og internasjonale insentivordningar innan alle utdanningsnivå. På Diku.no finst det og rapportar og publikasjonar, ressursar, handbøker og verktøy.  

    Sjå kompetansenorge.no for meir informasjon om norsk og samfunnskunnskap, grunnleggande ferdigheiter, kvalitet i karriere, fleksibel opplæring, publikasjonar og statistikk om vaksne si læring. 

    Sjå universell.no for meir informasjon om inkludering, universell utforming og læringsmiljø i all høgare utdanning. På nettstaden finn du ressursar, rapportar og utgreiingar innan våre fagområde. På universell.no vil du og finne oppdatert kunnskap om dei ulike fagområda, samt informasjon om aktuelle aktørar og nettverk i sektoren. 

    På Unit.no finn du informasjon om digitaliseringsstrategi for UH-sektoren, arkitekturstyring og samstyring på sida om digitalisering i høgare utdanning og forsking. Du finn også informasjon om sektorstyringa av informasjonssikkerheit og personvern som Direktoratet har ansvar for.

    Statistikk: Statistikk om universitet og høgskular – DBH og statistikk for fagskoler – DBH 

    For tenester innan vitskapleg publisering sjå Kanalregisteret

    Sjå også: Norsk Publiseringsindikator (NPI) for oversikt og innblikk i forskningsaktivitetene og ERIH PLUS – Academic journal index for HSS (Humanities and Social Sciences) society in Europe.

    Digitale evner, deling og opphavsrett

    • DelRett

      Delrett.no er ei rettleiingsteneste om opphavsrett og bruk og deling av digitale læringsressursar, utarbeidde i samarbeid mellom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Utdanningsdirektoratet. Rettleiingstenesta skal bidra til lett tilgjengeleg og brukarretta informasjon om opphavsrett. Målgruppa er alle i grunnskule og vidaregåande opplæring, og dessutan universitets- og høgskulesektoren som er interesserte i spørsmål om opphavsrett. 

    • Digidel

      Digidel.no er ein nettstad med gratis læringsressursar for dei som driv kurs- og opplæring i grunnleggande digitale evner. Digidel er initiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og blir drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

    Internasjonalt kunnskapssamarbeid

    • Erasmus+

      Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Erasmus+ er det største utdanningsprogrammet i verda, med eit budsjett på 26,5 milliardar euro for perioden 2021-2027. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er nasjonalt kontor for utdannings-, opplærings- og sportsfeltet, medan Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er nasjonalt kontor for ungdomsdelen i programmet (Aktiv Ungdom). Sjå Erasmuspluss.no for meir informasjon. 

    • Våre internasjonale samarbeidsprosjekter

      HK-dir koordinerer eller er partner i ulike internasjonale, eksternfinansierte samarbeidsprosjekter. Under finner du en oversikt over disse.

       

    • Profilering av Noreg som studieland

      Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal fremje kunnskapsnasjonen Noreg og styrke norsk utdanning sitt omdømme internasjonalt. Ein viktig del av dette er å bidra til institusjonane sitt arbeid med rekruttering av internasjonale studentar til Noreg, noko direktoratet blant anna gjer gjennom arbeidet med merkevara Study in Norway, deriblant nettsida studyinnorway.no. Dersom du jobbar ved ein utdanningsinstitusjon, norsk utestasjon, utanlandsk ambassade i Noreg eller hos andre som ønskjer å profilere norsk utdanning internasjonalt så ta kontakt ved å sende e-post til post@hkdir.no.  

    • Retningslinjer for ansvarlig internasjonalt samarbeid

      Retningslinjer for ansvarlig internasjonalt samarbeid skal være en ressurs for kunnskapssektoren i planlegging av internasjonalt samarbeid.

      På siden finner du ressurser for å styrke egne vurderinger av risiko og risikohåndtering i internasjonalt kunnskapssamarbeid.

    • EØS-midlane

      Sidan 1994 har EØS-midlane bidratt til å utjamne forskjellar i Europa og styrke utdanningssamarbeid med partnarar i EU. I inneverande periode er det gjennomført utlysingar til ein samla verdi av over 80 millionar Euro til utdannings- og mobilitetsprosjekt i samarbeid med ni land i sentral og Sør-Europa. I over 65% av prosjekta inngår norske utdanningsinstitusjonar og andre partnarar.

      Les meir om ordninga.

    Karriererettleiing og utdanningsval

    • Finn lærebedrift

      Finnlaerebedrift.no viser potensielle lærebedrifter innan ulike fagområde i Noreg. 

    • Karriereveiledning

      Karriereveiledning.no er ei offentleg og kvalitetssikra nettside. Her kan ein snakke med ein karriererettleiar på nett eller telefon, om spørsmål knytt til opplæring, utdanning og jobb,

    • Samordna opptak

      Samordna opptak (SO) er eit service- og koordineringsorgan for opptak til grunnutdanningar ved universitet, høgskular og fagskular.

    • Veilederforum.no

      Veilederforum.no er ei nettressurs for de som rettleier om utdanning, jobb og karriere. 

    • Kvalitet i karriereveiledning

      «Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning» skal vere eit nyttig verktøy for utvikling av kvalitet i karriererettleiing. Denne nettstaden er for deg som arbeider med karriererettleiing eller har ansvar for karriererettleiingsstenester.

    • Utdanning.no

      Utdanning.no er den nasjonale nettportalen for informasjon om utdanning og yrke, med oversikt over det norske utdanningstilbodet. 

    • Utdanningiverden.no

      Utdanningiverden.no er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse si eiga nettside med informasjon retta mot elevar, studentar, rådgivarar og føresette om utdanning i utlandet. Sjå nettsida for informasjon om moglegheiter for å reisa ut på vidaregåande, ta ein heil grad i utlandet eller dra på utveksling frå studium i Noreg. 

    Kompetanse i samfunns- og arbeidsliv

    • Samfunnskunnskap.no

      Samfunnskunnskap.no er ein nettressurs for lærarar som underviser i faget 50 timar samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og statsborgarprøven. 

      Nettsida gir også innvandrarar viktig kunnskap om Noreg, og om rettar, moglegheiter og plikter i det norske samfunnet.  

    • Fagressurs for introduksjonsprogrammet

      Fagressurs for introduksjonsprogrammet har faglege tilrådingar til kommunane og samarbeidspartnarar om planlegging og gjennomføring av introduksjonsprogram for nyankomne innvandrarar. 

       

    Prøveinformasjon

    Statistikk, rapportar og forsking

    • Database for statistikk for høgare utdanning

      Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvar for å samla inn og leggje til rette nasjonale data til bruk for finansiering, analyse og forsking om høgare utdanning i Noreg. Dette skjer gjennom drift av Database for høgare utdanning, DBH.  

      DBH-F er ein nasjonal database for statistikk om fagskuleutdanning som omfattar alle fagskular i Noreg. 

    • Register over vitskapelege publiseringskanalar - Kanalregisteret

      Kanalregisteret er eit register over vitskapelege publiseringskanalar. Kanalregisteret inneheld datagrunnlaget for publisering av forsking i finansieringssystemet for universitet og høgskular.

    • Norsk publiseringsindikator

      Norsk publiseringsindikator (NPI) forvaltar systemet for behandling av nivå 2 publisering og bygger på informasjon frå Kanalregisteret.

    • European Reference Index for the Humanities and Social Sciences – ERIH PLUS

      ERIH PLUS er eit europeisk tidsskriftsregister som deler database med Kanalregisteret og bidreg til kvalitet i informasjon om publisering for norske og europeiske forskarar innan humaniora og samfunnsfag.

    • PIAAC

    Våre søknadsportaler