Dette notatet tar for seg avtalelengder, tidsbruk, gjennomføring og frafall i doktorgradsutdanninga.
Grunnlaget for notatet er data fra Felles studentsystem.
Dette notatet bruker data frå Felles studentsystem (FS) for å auke kunnskapen om avtalelengder, gjennomføring og fråfall i doktorgradsutdanninga. Registrerte data i FS viser at treårige avtaler er i klårt fleirtal. Av nye avtaler i 2021 var 54 prosent
treårige og 37 prosent fireårige. Dette har endra seg lite dei siste ti åra. Som venta er det forskjell mellom kandidatar med ulik finansieringskjelde.
For avtaler med hovudfinansiering frå Forskningsrådet eller med anna eksternfinansiering er treårige avtaler i fleirtal med høvesvis 68 og 55 prosent. Når det gjeld finansiering frå Forskningsrådet, ser det ikkje ut til å vere store skilnader mellom institusjonane i kor mange av kandidatane som har eit fjerde år.