Tilskotsordningar for å styrke tilgangen på fleksibel og desentralisert utdanning

HK-dir lyser ut til saman 184 millionar kroner til to tilskotsordningar for å styrke tilgangen på fleksibel og desentralisert utdanning over heile landet. Fagskular, universitet/høgskular og studiesenter kan søkje. 

Søknadsfrist: 1. juni 2022 innen kl 12:00

    Kven kan søkje?

    Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning:

    • Fagskular med akkrediterte fagskuleutdanningar
    • Universitet, høgskular og vitskapelege høgskular med akkrediterte studietilbod

    Ordning for studiesentera:

    • Studie-/utdanningssenter, enkeltvis eller i samarbeid. Studie-/utdanningssenter definerast i denne samanhengen som lokale fysiske einingar som er ein møteplass utanfor universiteta, høgskulane og fagskulanes egne studiestader, og som legg til rette forutdanning og kompetanseutvikling i samsvar med behovet til enkeltindivid, privat næringsliv og offentleg verksemd i ein region. 

    Kva kan dei søkje støtte til?

    Målsetjinga med tiltaka er at studietilbod skal bli enda meir tilgjengeleg for folk i heile landet, som av ulike årsaker ikkje kan studere ved ein av dei faste studiestadane til fagskular, universitet og høgskular.

    Midlane kan brukast til:

    • Løn og frikjøp for tilsette ved fagskular, universitet, høgskuler og samarbeidspartnarar 
    • Innkjøp av tenester 
    • Reisekostnadar  
    • Utvikling og drift av studietilbod

    Midlane kan ikkje brukast til:

    • Betydelege investeringar i utstyr 
    • Reisestipend for studentar

    Les heile utlysningsteksten for ordninga for fleksibel og desentralisert utdanning (PDF) 

    Les heile utlysningsteksten for ordninga for studiesentera (PDF)

    Slik søkjer du

    Søknaden må skrivast på norsk og leverast gjennom HK-dir si søknadsplattform Espresso innan søknadsfristens utløp. Søknaden må vere komplett ved levering. Søknadar som ikkje er fullstendige, kan bli avvist. Søknadsportalen opnar tysdag 26. april.

    Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning

    En søknad skal bestå av: 

    1. Utfylt søknadsskjema i Espresso, inkludert budsjett. 
    2. Intensjonsavtale med eventuelle eksterne samarbeidspartnarar.

    Vedlegg skal lastes opp som én PDF-fil i Espresso.

    Tilskotsordning for studiesentera:

    Ein søknad skal bestå av:

    1. Utfylt søknadsskjema i Espresso, inkludert budsjett for 2022
    2. Følgebrev signert av toppleiinga eller styreleiar ved studie-/utdanningssentera
    3. Erklæring om at dei regionale kompetansebehova og prioriteringar er tatt omsyn til
    4. Vurdering frå den aktuelle fylkeskommune om at søknaden er i tråd med fylkets kompetansebehov og prioriteringar (maks 250 teikn)
    5. Signert samarbeidsavtale med eksterne samarbeidspartnarar

    Vedlegg skal lastast opp som ei PDF-fil i Espresso.

    Studiesentra må i tillegg fylla ut erklæring om at søknaden er i tråd med kompetansebehovet i fylket og prioriteringar (PDF)

    Ofte stilte spørsmål

    Spørsmål om utlysningen sendes til fleksibel@hkdir.no.  Spørsmål som er relevant for flere anonymiseres og publiseres med svar.

    Gå til spørsmål og svar om utlysningen – Tilskuddsordninger for å styrke tilgangen på desentralisert og fleksibel utdanning.

    Slik rapporterer du

    For fagskular:

    Institusjonar som får tildelt midlar må levere framdriftsrapport, rekneskap og ein sluttrapport på bruken av midlane. Institusjonane skal rapportere inn data frå utdanningane til Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-F) i tråd med gjeldande retningslinjer. Det vil også bli gitt resultatbasert utteljing for produserte studiepoeng.

    For universitet- og høgskular:

    Institusjonar som får tildelt midlar må levere framdriftsrapport, rekneskap og ein sluttrapport på bruken av midlane. Institusjonane skal rapportere inn data frå utdanningane til Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) i tråd med gjeldande retningslinjer. Tilskotet frå HK-dir skal i denne samanhengen ikkje reknast som ekstern finansiering, og det vil bli gitt resultatbasert utteljing for studiepoeng og eventuelt kandidatar tilsvarande som for utdanningar finansiert over institusjonane si rammebevilling. Tilskotet kan også utgjere grunnlag for utteljing i BOA-indikatoren.

    Tilskotsordning for studiesentera:

    Institusjonar som får tildelt midlar må levere rekneskap og ein sluttrapport på bruken av midlane. Krava er nærare spesifisert i kontraktsvilkåra.

    Meir om Tilskotsordningar for å styrke tilgangen på fleksibel og desentralisert utdanning

    Regjeringa vil styrke det regionale utdanningstilbodet av høg kvalitet i heile landet. Fagskulane skal gi høgare yrkesfagleg utdanning av høg kvalitet og vere eit likeverdig yrkesfagleg alternativ til universitets- og høgskuleutdanning. Utdanning og livslang læring skal vere tilgjengeleg der folk bur. Slik blir det enklare for folk å få kompetansepåfyll og meir utdanning, mens bedrifter og kommunar kan rekruttere breiare og få tilgang på fleire fagfolk