Norske universitet, høgskular og fagskular kan søkje refundert kostnader til stipend for studentar som er ramma av krigen i Ukraina.
Søknadsfrist:
15. september 2022 innen kl 12:00
Kven kan søkje?
Norske universitet og høgskular
Norske fagskular
Kva kan det søkjast støtte til?
Ordninga skal hjelpe noverande ukrainske, russiske og kviterussiske studentar ved norske høgare utdanningsinstitusjonar og fagskular som har fått akutte betalingsproblem som resultat av den russiske invasjonen i Ukraina. Ordninga er avgrensa til perioden mars-august 2022
Slik søkjer du
HK-dir vil gjere tilgjengeleg eit elektronisk rapporteringsskjema i god tid før søknadsfristen 15. september 2022. Institusjonane vil sende inn berre ein søknad, som omfattar samtlege utlegg til dei aktuelle studentane.