Kvalitetstid: Pedagogisk bruk av digital teknologi

Korleis kan ein sikre at digitale verktøy blir brukt på ein pedagogisk god måte i høgare utdanning? I dette nettmøtet lanserer vi ein ny NIFU-rapport som tar for seg det spørsmålet.

Opptak av nettmøtet

NIFU har på oppdrag frå Unit/Sikt, HK-dir og NOKUT studert emnet, og også den auka bruken av ulike former for digitale verktøy som følgje av koronapandemien.

Digitalisering er ein del av den generelle samfunnsutviklinga dei siste to tiåra. Både mål om å fremje kvalitet i utdanning, ønskje om auka fleksibilitet og praktiske, akutte behov for fjernundervising (som under pandemien) har vore drivarar for endringane.

Rapporten, som no er tilgjengeleg her, viser at bruk av digital teknologi i høgare utdanning kan bidra til

  • meir studentaktiviserande undervisningsformer
  • pedagogisk utvikling, særleg i praksisnære fag
  • auka tilgang til høgare utdanning

Bruken av digital teknologi må vere ein integrert del av eit heilskapleg lærings- og undervisningsdesign, og undervisarar og studentar må ha både forståing for og kompetanse i bruk av digitale verktøy med ei pedagogisk målsetjing.

Program

  • Divisjonsdirektør Terje Mørland i Sikt ønskjer velkomen.
  • Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet innleiar.
  • Forskar Elisabeth Hovdhaugen i NIFU presenterer rapporten.

Etter presentasjonen blir det panelsamtaler med desse deltakarane:

  • Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel
  • Tuva Todnem Lund, leiar i Norsk studentorganisasjon
  • Professor Steinar Kristoffersen, rektor ved Høgskolen i Molde og leiar i UHR-Utdanning 
  • Professor Malcolm Langford, leiar av Centre for Experiential Legal Learning (CELL) ved  Universitetet i Oslo
  • Atle Løkken, avdelingsdirektør for NettOp UiS ved Universitetet i Stavanger

Programleiar er avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik i HK-dir.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
19. jan. 2022 10:00
Tid:
Frå: 19. jan. 2022 10:00
Til: 19. jan. 2022 11:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
ane.landoy@hkdir.no
Praktisk informasjon

Etter registrering vil du få ein e-post med informasjon om korleis du koplar deg til.