HK-dir inviterer til oppstartsmøte for 2022-prosjekta for Individuell mobilitet i høgare utdanning KA131 (tidlegare KA103 Europeisk mobilitet).
14. juni inviterer vi til digitalt oppstartsmøte for KA131. Her vil det vere informasjon og dialog omkring oppstart av 2022-prosjekta, og det vil bli moglegheit til å gje tilbakemeldingar og stille spørsmål.
Oppstartsmøtet består av tre delar: Ein introduksjon til Erasmus+ og KA131. Denne delen er meint for nyare Erasmus+ koordinatorar, og dei som ynskjer grunnleggande kunnskap om KA131. Del to vil vere for alle dei som har fått innvilga Blanda intensivprogram (BIP) på 2021 og/eller 2022 prosjektet. Her blir det lagt opp til deling av erfaringar og svar på spørsmål. Den siste delen er ein felles del med informasjon om prosjektoppstart.
Institusjonanes Erasmus+ kontaktpersonar eller personar ved institusjonane som har et særskilt ansvar for mobilitet i Erasmus+.
Stad: digitalt