EAIE-konferansen 2022

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Barcelona, Spania, 13. - 16. september. Her finn du informasjon om møtebord, stand og mottaking som HK-dir er ansvarleg for.  

HK-dir ser fram til å samarbeida med norske universitet og høgskular samt med NOKUT om å skapa gode møteplassar på EAIE-konferansen, og slik bidra til enno betre samarbeid med partnarar i andre land.

Reservering av møtebord

HK-dir har ein relativt stor stand på utstillingsområdet til EAIE-konferansen i Barcelona. Standen har nummer H30, og vil ha fire møtebord. Desse kan reserverast av institusjonane utan kostnad, men me ønskjer at insititusjonane koordinerer seg internt og reserverer gjennom ein kontaktperson. 

Kvar institusjon kan reservera to bolkar med møtebord. Om ikkje bordet er i bruk kan det sjølvsagt nyttast av andre. Fristen for å bestilla møtebord er 7. september, men jo tidlegare du reserverer, jo meir sannsynleg er det at du får dei tidene som passar. 

Tidene for reservasjon av møtebord er som følgjer: 

Onsdag 14. og torsdag 15. september: 08.30 - 11.30, 12 - 15, 15.15 - 18

Fredag 16. september: 09 - 12

Klikk her for å koma til skjema der du kan reservera møtebord på standen. 

Standvakter

Det er ønskeleg at institusjonane bidreg med standvakter. Desse representerer då norsk utdanningssektor, og jobben deira er å svara på spørsmål frå "publikum". Kvar institusjon må gjerne setja seg opp på 1 - 2 vakter i løpet av EAIE, litt avhengig av storleik. Husk å koordinera dykk internt. Det vil alltid vera ein representant HK-dir eller NOKUT til stades på standen.

På standen er det enkle køyrereglar: Me er venlege og imøtekommande, held det ryddig, oppbevarer ikkje vesker og sekker. Institusjonane kan ta med litt eigne profileringsartiklar. Du kan ikkje ha møter samtidig som du har vakt på standen. 

Standvaktene er delt opp som følgjer: 

Onsdag 14. og torsdag 15, september: 
08:30 - 10:30, 10:30 - 12:30, 12:30 - 15:00, 15 - 17. 

Fredag 16. september: 09 - 11, 11 - 13:30

Klikk her for å koma til skjema der du kan melda deg på til standvakt.

Fristen er 7. september, men jo tidlegare du melder deg på, jo meir sannsynleg er det at du får den tida du ønskjer. Husk intern koordinering. 

Utstillingsområdet er ope følgjande tider:
Onsdag 14. og torsdag 15. september: 08.30 - 18.00
Fredag 16. september: 09.00 - 13.30


Samarbeid med Sør-Korea: Mottaking


Sett av onsdag 14. september frå 18:30 – 20:00: Då blir det arrangert ei mottaking for norske og sør-koreanske institusjonar, som alle er hjarteleg velkomne til.

Mottakinga finn stad på Joan Miro Foundation, det blir servert tapas og drikke, og det blir arrangert transport frå konferanseområdet. Arrangementet er gratis, og målet er nettverking mellom sør-koreanske og norske institusjonar.

Mottakinga har påmelding. Klikk her for å melda deg på mottakinga. 

Har du sør-koreanske samarbeidspartnarar som skal til EAIE-konferansen?
Her kan du lasta ned invitasjon (pdf) til mottakinga, som du kan senda dei på e-post. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Korean Council for University Education, National Institute for International Education (NIIED) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Grunna avgrensa kapasitet internt i HK-dir samt behov for å revidera aktiviteten på EAIE med tanke på mål og nytteverdi vert det ikkje arrangert mottaking på standen under konferansen i tillegg til dette arrangementet. 
 

Sør-koreanske institusjonar til stades på EAIE 2022: 

Er din institusjon interessert i kontakt med sør-koreanske samarbeidspartnarar? Her er lista over sør-koreanske universitet representerte på EAIE i år. 

Dankook University
Ewha Womans University
Hankook University of Foreign Sudeis
Hanyang University
Konkook University
Korea University
Korea University Sejong Campus
Sogang University
University of Seoul
Yonsei University
Kyungpook National University
The Catholic University of Korea
Kyunghee University
Kookmin University
Myongji University
Pusan National University
Seoul National University of Science and Technology
Sungkyunkwan University
Sungshin Women`s University
Soongsil University
Inha University
Ajou University
Chung-Ang University
Korea University of Technology and Education

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 13. sep. 2022 09:00
Til: 16. sep. 2022 18:00
Spørsmål?
Send en e-post til
tordis.espeland@hkdir.no