Aktuelt
Aktuelt
15.03.2022

Utfordringar i fagskulefinansieringa

Fagskulane ønskjer meir føreseieleg og styrkt finansiering for å kunne utvikle seg vidare, syner ny rapport. Samstundes opplever dei at finansieringssystemet i hovudsak er organisert og bygd opp på ein god måte.

Den samla finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning har vakse tydeleg dei siste åra. Samstundes har det vore ei vesentleg auke i talet på studentar.

Finansieringssystemet for fagskulane vart endra i 2018, som følgje av stortingsmeldinga Fagfolk for fremtiden. Målet med omlegginga var å samle finansieringa i eit heilskapleg system. Den nye rapporten ser på korleis systemet no fungerer for ulike aktørar og kva rolle det speler i arbeidet med å heve kvaliteten og betre samanhengen mellom utdanningstilboda og arbeidslivet sine behov for kompetanse.

Viktig kunnskapsgrunnlag

Det er Deloitte som har utført undersøkinga på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Undersøkinga inngår i ei større evaluering av tiltaka som vart lanserte i Fagskulemeldinga. Evalueringa skal fullførast vinteren 2023.

– Rapporten er ei viktig brikke med tanke på å styrke kunnskapsgrunnlaget og etablere ei felles forståing av kva som er stoda i høgare yrkesfagleg utdanning, seier avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik i HK-dir.

Meir ryddig finansieringssystem

Finansieringa av fagskulane kjem i hovudsak frå fire kjelder: statlege driftstilskot frå Kunnskapsdepartementet, fylkeskommunane sine frie midlar, studentbetaling og statlege prosjektmidlar. Tidlegare var finansieringssystemet fragmentert, no er det samla i eitt system med tre element: grunntilskot, resultatbasert tilskot og konkurransebaserte midlar til utviklingsprosjekt.

Eit hovudfunn i rapporten er at det nye systemet fungerer godt. Samstundes kjem det tydeleg fram i tilbakemeldingar frå fagskulane at mange opplever finansieringa som for låg til å sikre naudsynt utvikling av kvaliteten framover.

Fylkeskommunalt ansvar

Med endringane i finansieringsordninga fekk fylkeskommunane ansvar for å forvalte statlege driftsmidlar til fagskuleutdanning. Dette skulle mellom anna sikre ei meir aktiv forvalting av midlane ut frå lokale og regionale behov. Rapporten vurderer dette som eit hensiktsmessig grep, men peiker også på utfordringar knytt til kvalitet i forvaltinga, kor føreseieleg ho er for fagskulane, og handsaming av nasjonale behov som har for lite omfang til å dekkast lokalt. Her er det store forskjellar mellom fylkeskommunane.

Stor del prosjektfinansiering

Prosjektmidlar tildelt etter konkurranse utgjorde i 2020 om lag 13 prosent av dei statlege tilskota til drift av fagskulene. Ifølgje rapporten er sektoren positiv til at ein del av tilskota er konkurranseutsett, men det er tydeleg at andelen av prosjektbasert finansiering i sektoren er stort.

Innføring av fleire ulike stimuleringsordningar som i stor grad overlappar med det etablerte finansieringssystemet – som Industrifagskolen, treparts bransjeprogram, og etter kvart ei ny ordning for fleksible og desentraliserte utdanningstilbod – set fagskulane under eit høgt administrativt press og gjer det utfordrande for fylkeskommunane å fylle rolla som forvaltar av sektoren.

Tilrår endringar

Deloitte meiner det er behov for tiltak som styrkjer finansieringssystemet ytterlegare og sikrar at det bidrar til å nå dei måla som er satt for fagskulesektoren. I rapporten kjem dei med ti tilrådingar dei meiner kan bidra til auka måloppnåing.

HK-dir har ein pågåande dialog med Kunnskapsdepartementet om oppfølginga av det som kjem fram i rapporten.