Den digitale verkeligheita i arbeidslivet må inn i alle fag på alle utdanningar, slik at studentane får den digitale kompetansen dei treng på veg inn i jobb.
– Vi må på den eine sida utruste morgondagens studentar med den kompetansen dei treng, men også tilby påfyll til dei som allereie står i jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
I dag lanserte han ein ny strategi for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren.
– Under koronakrisa har både tilsette og studentar blitt kasta inn i ein digital kvardag. No må universiteta og høgskulane byggje vidare på det som fungerte godt. Digital undervising handlar om meir enn å flytte den tradisjonelle førelesinga over på nett. Det handlar om å gjere undervisinga meir aktiv og gjere utdanning meir tilgjengeleg, seier Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Eit hovudmål med den nye strategien er at universitet og høgskular i endå større grad skal bidra med den kompetansen som folk, bedriftar og det offentlege treng for å lykkast med den digitale omstillinga. Dei skal også utvikle ny kunnskap om korleis digitaliseringa påverkar samfunn og enkeltmenneske.
Unit, som no er ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), har samarbeidd med representantar frå utdanningsinstitusjonane, næringslivet og studentorganisasjonane om å lage utkastet til strategien. Kunnskapsdepartementet bearbeidde forslaget og sende det på høyring i juni 2021. Deretter har regjeringa handsama saka.
Direktør Sveinung Skule i HK-dir er svært nøgd med at den nye digitaliseringsstrategien no er lansert.
– Vi er klare til å starte arbeidet med å iverksetje strategien i nær samhandling med sektoren. Først vil vi opne ein dialog på bakgrunn av innspela som kom i høyringa. Vi ønskjer å kome fram til ein god prosess for det vidare arbeidet, og utarbeide handlingsplanen for strategien saman med sektoren.
HK-dir har ei samordnings- og pådrivarrolle for digitalisering i universitets- og høgskulesektoren. Det inneber eit ansvar for å følgje opp at digitaliseringsstrategien blir realisert og fulgt opp i tett samarbeid med sektoren, og i samsvar med prinsippa i Styringsmeldingen.
HK-dir si oppfølging skal vere på eit strategisk nivå, og på ein måte som legg til rette for institusjonane sin innovasjonskraft, tek omsyn til den store variasjonen i sektoren og sikrar den faglege autonomien.