Aktuelt
Aktuelt
09.11.2022

Nye sentre for framifrå kvalitet

Fagskolen i Rogaland og Fagskolen i Viken får status som Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Sentra har potensiale til å ta ei nasjonal rolle for kvalitetsutvikling i fagskolesektoren.

Bildete av 14 menneske på scena under ein konferanse. To av dei held kvar sin bukett og plakett.

Under opninga av Fagskolekonferansen 2022 fekk Fagskolen i Rogaland og Fagskolen i Viken status som Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning.

- Dei to sentra som tildelast skil seg ut med store ambisjonar, og realistiske planar for korleis dei skal ta ei nasjonal rolle for kvalitetsutvikling i norsk høgare yrkesfagleg utdanning, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Tildelinga av senterstatus blei offentleggjort av Sveinung Skule onsdag 9. november under opninga av Fagskolekonferansen 2022.

- Det overordna målet med ordninga er heva status for høgare yrkesfagleg utdanning og utvikling av framifrå kvalitet i utdanningane, sa Skule.

Dette er ei pilotordning som gjer framifrå fagskolar ressursar til å arbeide langsiktig med kvalitetsutvikling og innovasjon i høgare yrkesfagleg utdanning. Ordninga skal også stimulere til auka samarbeid mellom fagskolar, mellom ulike utdanningsnivå, og styrka samarbeid med arbeidslivet.

- Fagskolane har ei nøkkelrolle i møte kompetansebehovet i heile Norge, men i dag er fagskoleutdanningane altfor lite synlege. Vi må sikre vekst som også varetar kvaliteten i fagskolane, og det trur eg sentra for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning kan bidra med, seier Borten Moe.

Sjå pressemelding frå Kunnskapsdepartementet: Fagskolene i Rogaland og Viken blir sentre for fremragende høyere yrkesfaglig utdanning.

Ambisiøse søkarar

Dei to fagmiljøa som no får senterstatus er:

  • Fagskolen Rogaland, Senter for nyskapende utdanninger, engasjerende læring og økt samarbeid i høyere yrkesutdanning.
  • Fagskolen i Viken, Senter for erfaringsbasert læring.

Komiteen peikar på at begge sentra har store planar for spreiing og femner om fleire fagområde. Samarbeid og involvering står sterkt hos begge, noko som kjem heile sektoren til gode.

HK-dir fekk sju søknader til utlysinga av pilotane i 2022.

- Søkarbunken inneheldt fleira spanande, ambisiøse og mangfaldige søknader, sa leiar av komiteen Gunilla Rooke i samband med vurderingsarbeidet.

Sentra får totalt 12 millionar kronar kvar over fire år. Pilotordninga skal evaluerast.

Les meir om ordninga Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning: Utlysing 2022 – pilotordning.