Aktuelt
Aktuelt
20.04.2022

Millionpris til app for rettleiing av sjukepleiestudentar

- Eg er stolt og audmjuk, seier rektor Lars Mathisen. Han og Lovisenberg diakonale høgskule er tildelt Utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning 2022.

Tre jublande glade menneske

Frå venstre: Instituttleiar Edith Gjevjon, prosjektleiar Andréa Nes og rektor Lars Mathisen. Foto: Catrine Hovland Ottervig.

Lovisenberg diakonale høgskule fekk prisen for sitt arbeid med appen TOPP-N. Dette er ei løysing for rettleiing og vurdering av sjukepleiestudentar i praksis. TOPP-N skal gjere det enklare å vurdere fagleg utvikling i forhold til læringsutbytte, og rettleiinga kan enklare tilpassast studentane sine behov og kompetanse. 

Forsking og høgare utdanningsminister Ola Borte Moe offentleggjorde vinnar av prisen onsdag 20. april, under konferansen Utdanningskvalitet og digital omstilling 2022. 

- Gratulerer til Lovisenberg diakonale høgskule med vel fortent pris! Eg håpar og trur at dette kan være til inspirasjon for andre, sa ministeren. 

- Stolt og audmjuk 

- Utdanningskvalitetsprisen opplever vi som eit kraftig pådriv og frisk medvind for systematisk arbeid med å løfte metodeutvikling innan praksisstudiar. Det er med ei blanding av stoltheit og audmjuke at vi tek imot prisen for potensialet i TOPP-N, og byrjar å planlegge for korleis prisen kan støtte vidare utvikling og spreiing, seier rektor Lars Mathisen. 

- Utdanningskvalitetsprisen heng høgt! Vi er takknemlege for å ha nådd opp med tanken om å kombinere læringsutbyte som fremmer «21st century skills» og eit digitalt verktøy for auka læring i praksiserfaringane, fortsett rektoren. 

Planlegg vidare utvikling 

- Prisen er ei anerkjenning av kvaliteten på hardt arbeid og dedikert forsking som har resultert i TOPP-N. Resultatet var mogleg grunna økonomisk støtte frå det som då var Diku og eit stort engasjement frå alle involverte, inkludert interne og eksterne samarbeidspartnarar, seier prosjektleiar Andréa Aparecida Goncalves Nes. 

Prosjektleiaren fortel vidare at Lovisenberg diakonale høgskule planlegg å vidareutvikle TOPP-N basert på behova til brukarane, som er lærarar, rettleiarar og studentar. Dei skal også dele erfaringar og resultat, og utvide samarbeidet nasjonalt og internasjonalt på tvers av ulike yrkesgrupper. 

Kort om TOPP-N

TOPP-N står for Technology Optimized Practice Process – Nurse. Appen er utvikla i samband med eit forskingsprosjekt på Lovisenberg diakonale høgskule som skal utvikle, teste og implementere ein ny rettleiingsmodell for praksisstudiar. 

Halvparten av bachelorutdanninga i sjukepleie består av praksisstudiar som vert gjennomført i ein modell som involverer tre partar: lærar, student og praksisrettleiar. Varierande kontakt mellom partane og ugjevn rettleiingskompetanse er blant utfordringane TOPP-N sikter på å løyse. 

Meir om TOPP-N på Lovisenberg diakonale høgskule si heimeside.

Om Utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning 

Utdanningskvalitetsprisen blir delt ut av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og er på ein million kroner.  

Prisen påskjøner framifrå arbeid med utdanningskvalitet og skal stimulere institusjonane og fagmiljøa til systematisk arbeid med vidareutvikle kvaliteten på utdanningane sine. 

Nominasjonane er vurdert av ein jury beståande av norske, svenske og danske ekspertar, samt to representantar for Norsk studentorganisasjon. 

Meir informasjon om prisen og tidlegare vinnarar av Utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning.

Kontaktinformasjon 

For meir informasjon kontakt rektor ved Lovisenberg diakonale høgskule, Lars Mathisen, lars.mathisen@ldh.no, 474 15 871 eller prosjektleiar for TOPP-N Andréa Nes, andrea.nes@ldh.no, 907 03 168.