Aktuelt
Aktuelt
20.04.2022

Lyser ut til saman 184 millionar i to tilskotsordningar for fleksibel og desentralisert utdanning

Direktoratet lyser ut 144 millionar kroner til ei ordning for fleksibel og desentralisert utdanning og 40 millionar kronar til ei søknadsbasert ordning for studiesentera.

- Målsetjinga er at studietilbod skal bli enda meir tilgjengeleg for folk i heile landet. Meir tilgjengeleg utdanning i distrikta bidrar til å mobilisere verksemder og innbyggjarar lokalt til å delta i desentraliserte utdanningar. Det vil derfor bli lagt stor vekt på å sikre ei god geografisk spreiing i søknadane som får støtte, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Ordningane skal kunne utfylle og forsterke kvarandre, til dømes ved at tilbod ved fagskular, høgskular og universitet sjåast i samanheng med arbeidslivets kompetansebehov lokalt, regionalt og nasjonalt. 

- Regjeringa vil styrke det regionale utdanningstilbodet i heile landet. Utdanning og livslang læring skal vere tilgjengeleg der folk bur. Slik blir det enklare for folk å få kompetansepåfyll og meir utdanning, mens bedrifter og kommunar kan rekruttere breiare og få tilgang på fleire fagfolk, seier Skule. 

Om tildelingane 

Den eine ordninga er innan fleksibel og desentralisert utdanning og rettar seg mot fagskular, universitet og høgskular. Den andre ordninga gjeld for studie-/utdanningssenter eller liknande. 

Den søknadsbaserte ordninga for studiesentera er ei ny ordning:

  • Studie-/utdanningssenter og liknande aktørar, enkeltvis eller i samarbeid, kan søke på ordninga
  • Det er eit krav om medfinansiering frå andre aktørar, som kommunar, fylkeskommunar eller næringsliv
  • Søkarane må samarbeide med ei fagskule, høgskule eller universitet
  • Midlane som tildelast kan mellom anna gå til drift, mobiliserings- og rekrutteringsarbeid og tilrettelegging for studentar som følger et studietilbod

Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning:

  • Fagskular, høgskolar og universitet kan søke på ordninga
  • Studietilbod som har ei desentralisert organisering med samlingar vil bli prioritert
  • Prioriterte fagområde er profesjonsutdanningar, teknologi, digitalisering og grønt skifte
  • Søknadsfristen for begge ordningar er onsdag 1.6.2022 kl. 1200. Alle søkarar blir informerte om utfallet av søknadsprosessen innan midten av juli.

Les meir om tildelingane og sjå heile tildelingsteksta på hkdir.no.