I ei tid med store omstillingar gir bransjeprogramma ei unik moglegheit for kompetanseheving.
Allereie på nyåret tilbys et breitt utval av kurs til arbeidstakarar og verksemder i 10 ulike bransjar; sjå tilboda på utdanning.no. Studietilboda er gratis, fleksible og kan kombinerast med jobb.
Saman med partane i arbeidslivet har HK-dir fått på plass fleire etter- og vidareutdanningstilbod som bransjane sjølv har etterspurd.
Bransjeprogramma er eit trepartssamarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet på både arbeidstakarsida og arbeidsgivarsida. Partane i arbeidslivet har ansvar for å definere kompetansebehovet i bransjen, og vurdere det faglege innhaldet i opplæringstilboda.
Vel din bransje og se kva som er relevant for deg.
Elektro-, automasjons-, fornybar- og kraftnæringa
Olje-, gass- og leverandørindustrien