Årets søkjarar for Senter for framifrå utdanning held eit høgt nivå. Seks søkjarar går vidare til finalerunden i 2022.
Leiar av ekspertkomiteen, professor Rolf Hughes, framhevar at alle dei 28 søkjarane har arbeidd godt med søknadene sine, og at dei har fleire gode idear og visjonar: - Finalistane har spesielt klart å kombinere visjonar med gode og konkrete planar.
Finalistane er:
Finalistene er vald ut blant søkarar frå ei rekke ulike fagmiljø, mellom anna lærar-, ingeniør-, og landbruksutdanningar, og fleire tverrfaglege utdanningsmiljø.
Blant søkjarane som ikkje nådde heilt opp, meiner ekspertkomiteen at lågt detaljnivå om korleis planar skal gjennomførast var ein gjennomgåande mangel. - Vi såg at fleire søkjarar mangla konkrete planar og detaljar for implementering av elles gode idear, seier Hughes.
Hughes legg i tillegg vekt på at finalistane i år viser ei brei spreiing av framifrå miljø: - Det er ei brei geografisk spreiing av finalistane, som viser at det ikkje berre er i enkelte storbyar framifrå miljø finns. I tillegg finn panelet at fleire søkjarar har innovative interdisiplinære tilnærmingar til viktige problemstillingar.
Les også: Disse søker status som Senter for fremragende utdanning
Sjølv om nivået på årets søkjarar er gjennomgåande høgt, saknar panelet også eit meir internasjonalt perspektiv. I følge Hughes fant komiteen at det er ein introspektiv tendens blant årets søkjarar.
- Vi saknar tydelegare posisjonering, der søkjarane diskuterer arbeidet sitt i ein internasjonal kontekst, og gjerne korleis senteret vil inngå i eit internasjonalt fellesskap. Då kan dei vise både korleis dei ikkje berre skal reprodusere kva som finns internasjonalt, men også vise korleis dei skal bidra inn i ein større samanheng, seier Hughes.
Professor Richard Reece, som også deltok i ekspertpanelet i 2019-utlysninga, meiner søkjarane i 2022 har eit signifikant høgare nivå, men han er også samd i Hughes si vurdering når det gjeld manglande internasjonal orientering.
- Å styrkja høgare utdanning i Norge er svært verdifullt, men dette må også kombinerast med å løyse utfordringar som har internasjonal relevans. Utdanning bør vere utan grenser, og å dra inn internasjonal ekspertise vil gje store fordelar for norske studentar, seier Reece.
Direktør Sveinung Skule i HK-dir er svært nøgd med sektorens arbeid og meiner at interessa frå institusjonane viser at dette er noko dei arbeider strategisk med i heile bredda av fagområder:
- Vi prioriterte å få ut utlysinga tidleg, allereie i august 2021, for å gje søkarane moglegheit til å jobba langsiktig og grundig med søknaden. Årets søknader viser at miljøa har arbeidd godt for å komme i ein posisjon for å kunne bli eit senter for framifrå utdanning. Det er derfor gledeleg at komiteen meiner at årets søkjarar held eit høgt nivå, seier Skule.
Dei seks finalistane får eit institusjonsbesøk frå komiteen i september, og etter besøket vil komiteen tilrå kven av søkjarane som bør tildelast status som nye senter for framifrå utdanning.
Endeleg tildeling av senter-status skjer før utgangen av 2022.
For meir informasjon, kontakt sfu@hkdir.no.