Aktuelt
Aktuelt
10.02.2022

Aukar satsinga på bransjeprogram med tre nye bransjar

Avfall- og gjenvinningsbransjen, jordbruks-, skogbruks-, og gartnerinæringa, og industri og bygg er tre nye bransjeprogram som blei etablert torsdag 10. februar.

Felles utfordringar for desse bransjane er stadig omstilling og kompetansebehov som veks i takt med overgangen til meir berekraftig drift. 

Sida 2018 har det blitt etablert tolv bransjeprogram for kompetanseutvikling, der staten og partane i arbeidslivet jobbar saman for at alle tilsette som jobbar i sårbare næringar skal få kompetansepåfyll mens dei er i jobb. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) utviklar og forvaltar dette arbeidet.

– Eg er veldig glad for at regjeringa fortset satsinga på bransjeprogramma. Kompetansepåfyll er heilt avgjerande for å hengje med på dei raske endringane i arbeidslivet. Det gjer at tilsette i desse bransjane kan få nødvendig kompetanse for å meistre omstilling og bli ståande i arbeid, seier direktør i Hk-dir, Sveinung Skule.  

Sirkulær økonomi, omstilling og vekst

Kunnskapsdepartementet inviterte hausten 2021 hovudorganisasjonane i arbeidslivet til å nominere bransjar. Alle dei tre bransjane som no er vald ut har høg grad av omstilling, men liten grad av deltaking i kompetanseutviklingstilbod.

Jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa er ei næring som er spreidd utover heile landet, og oftast utanfor bynære strøk. Dette understrekar behovet for fleksible og desentraliserte tilbod. Kompetansebehova i næringa er også ulike, men blir særleg drivne av ny teknologi, klimaendringar og miljøomsyn.

– Vi er svært glade for at dette nye bransjeprogrammet blir etablert. Det vil gi tilsette i jordbruk, skogbruk og gartnerinæringa moglegheita til å gjennomføre relevant etterutdanning tilpassa produksjonen. Bransjeprogrammet er med på å sikre omstilling og konkurransekraft i ei næring med eit enormt potensiale for vekst og vidare utvikling, skriv Fellesforbundet og NHO mat og drikke i ein felles kommentar.

Også i Avfalls- og gjenvinningsbransjen er behovet kompetanseutvikling stort. Bransjen omfattar omkring 15 800 tilsette, i både kommunale verksemder og private bedrifter.

– Overgang til sirkulær økonomi krev investeringar i ny teknologi, logistikk og kunnskap. Bransjeprogrammet gir ein særs etterspurt tilgang til kompetanseheving for tilsette på alle nivå i bransjen. Dette vil gjere avfalls- og gjenvinningsbransjen rusta til å møte framtidas utfordringar, seier Øivind Brevik, administrerande direktør i Samfunnsbedriftene.

Saman med Samfunnsbedriftene har KS nominert avfalls- og gjenvinningsbransjen til nytt bransjeprogram.

– Eg er svært glad for at dette programmet som KS og Samfunnsbedriftene tok initiativ til no kan bli realisert og utvikla i tråd med bransjen sitt behov for viktig kompetanse, seier Direktør for arbeidsliv i KS Tor Arne Gangsø.

Reetablerer for å nå fleire

Industri og bygg var det første bransjeprogrammet som blei etablert i 2019. I løpet av dei tre åra har dei blitt utvikla fleire tilbod for dei tilsette. Denne næringa er framleis under omstilling, og opplever framleis at kompetansebehovet ikkje er dekt. 

Bransjeprogrammet for industri og bygg blir derfor reetablert i 2022 med større målgruppe.

– Bransjeprogrammet gir tilsette i industrien og byggjenæringa moglegheita til å gjennomføre relevant etterutdanning tilpassa produksjonen. Det er vinn-vinn både for bedrift og tilsette. Bransjeprogrammet er dermed med på å sikre omstilling og konkurransekraft, seier rådgivar Kristian Ilner i Fellesforbundet.

Grøn produksjon står sentralt også i denne næringa. For å auke konkurranseevna må tilsette få kompetansepåfyll.

– Industrien treng ny kompetanse for å omstille seg. Ny kompetanse krev nye utdanningstilbod. Bedriftene og tillitsvalde kan saman definere kva kompetansebehovet i bedrifta er, og kva område det bør satsast på. Ved hjelp av desse midlane vil fagskulane, høgskulane og universiteta ha finansiering til å lage nye, korte og tilpassa tilbod i tråd med bestillinga, seier fagsjef for rekruttering og kompetanse Kjetil Tvedt i Norsk Industri.


Om Bransjeprogramma

Regjeringa har etablert trepartsbransjeprogram for kompetanseutvikling der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar.
 
Partane i arbeidslivet har ansvar for å definere kompetansebehovet i bransjen, vurdere det faglege innhaldet i opplæringstilboda og fatte vedtak. 

Målet med bransjeprogramma er å sikre kompetanseutvikling i tråd med bransjane sine behov, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv. 

Opplæringstilboda som blir gitt i bransjeprogramma er for tilsette, permitterte og arbeidsledige i utsatte bransjar. Dette er opplæringstilbod som kan takast i kombinasjon med jobb.