Resultata for heile landet viser at 91 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøva i 2022.
I løpet av fjoråret var det totalt 7216 personar som tok Statsborgarprøva. Enkelte avla prøven meir enn ein gang, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell).
– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse utviklar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei prøve i samfunnskunnskap som skal måle kjennskap til grunnleggande historiske, sosiale, økonomiske og politiske tilhøve i Noreg, og kjennskap til grunnleggande plikter og rettar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.
Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest opp frå ei lydfil. Prøva inneheld 32 poenggjevande spørsmål, der deltakarane må svare rett på minst 24 av dei for å bestå.
Frå 1. januar 2017 har det blitt stilt krav om at alle som søkjer om norsk statsborgarskap og er mellom 18 og 67 år må bestå Statsborgarprøva. Prøva finnast på båe på bokmål og nynorsk. 99 prosent av kandidatane tok prøven på bokmål i 2022.
Fylke | Tal på kandidatar | Prosentdel bestått | Prosentdel ikkje bestått |
---|---|---|---|
Agder | 335 | 90 % | 10 % |
Innlandet | 264 | 87 % | 13 % |
Møre og Romsdal | 283 | 88 % | 12 % |
Nordland | 174 | 86 % | 14 % |
Oslo | 1453 | 93 % | 7 % |
Rogaland | 696 | 93 % | 7 % |
Troms og Finnmark | 262 | 92 % | 8 % |
Trøndelag | 555 | 87 % | 13 % |
Vestfold og Telemark | 344 | 89 % | 11 % |
Vestland | 862 | 92 % | 8 % |
Viken | 1988 | 91 % | 9 % |
Heile landet | 7216 | 91 % | 9 % |
Senior kommunikasjonsrådgjevar Helena Sæter:
Telefon: 934 33 302
E-post: helena.sater@hkdir.no