Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse deler ut 150 millionar kroner til 783 kurs gjennom ordninga Kompetansepluss.
I år får 7 400 vaksne i meir enn 700 verksemder over heile Noreg delta i opplæringa. Kompetansepluss er ei viktig ordning for kompetanseheving i arbeidslivet, der målet er å styrke vaksne sine grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, munnleg, rekning og digitale ferdigheiter, samt opplæring i norsk eller samisk.
I utdeling av midlar i år, har direktoratet prioritert søknadar som kombinerer opplæring i digitale ferdigheiter med lesing og skriving.
− Koronapandemien har vist at skriftleg kommunikasjon på digitale plattformar er svært viktig i alle yrke. Digitale ferdigheiter er allereie ein essensiell del av arbeidskvardagen, og vil bli enda viktigare i framtida. Derfor satsar vi sterkt på dette, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Den teknologiske utviklinga gjer at det blir stadig færre jobbar som krev liten eller ingen formell kompetanse. Målgruppa for Kompetansepluss-ordninga er primært vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning. Ordninga skal bidra til at desse får naudsynt kompetanse til å meistre krav og omstilling i arbeidslivet, slik at dei styrkar sjansane sine for å kunne bli verande i arbeidslivet.
− Vi ser også at denne typen kompetanseheving kan ha positive ringverknadar fordi det kan gje motivasjon til enno meir kompetanseheving, og til å ta fagbrev på sikt. Dette vil ruste arbeidstakarar til å stå lenger i jobben, eller til å få andre jobbar i framtida, seier Skule.
Ein av dei som mottek midlar gjennom tildelinga i Kompetansepluss i år, er det nye hotellet Scandic Sortland som ligg på kaikanten midt i Sortland sentrum. Med panoramautsikt over Sortlandsundet og fjella i Vesterålen skal dei tilsette ved hotellet no gå i gang med undervisning i lesing, skriving og dataopplæring.
– Det betyr veldig mykje for oss å kunne investere i dei tilsette og stille opp for dei. Mykje av vaksenopplæringa kan vere vanskeleg å kombinere med jobb. Det eg som leiar likar mest med Kompetansepluss, er at det er så fleksibelt for de tilsette. Vi er eit team som skal lære oss dette saman, vi skal også komme i mål saman som eit team, og det er veldig motiverande både for meg og for dei tilsette, seier hotelldirektør Sven Walczak.
Han kom sjølv til Noreg frå Tyskland for ni år sidan, og har gjennom si eiga erfaring opplevd kor viktig det er å lære seg norsk, samt om norsk kultur og tradisjonar. Derfor vel han å satse på opplæring for sine tilsette, som kjem frå mange ulike land. Ein del av dei har ikkje vore så lenge i Noreg, andre har jobba mykje og har ikkje hatt tid til å få naudsynt opplæring.
– Mange tilsette skal ha mykje kontakt med gjestar både i restauranten og i resepsjonen, og då er det også viktig å kunne lese og skrive på norsk. Gjennom å gje dei tilsette ein sjanse til opplæring, håper vi at fleire vil halde fram med å jobbe hos oss i ei tid då det er vanskeleg å rekruttere tilsette i vår bransje. Vi ønskjer også å styrke dei digitale ferdigheitene til dei tilsette for å førebu oss på framtida, og for at dei skal kunne bruke datasystema i blant annet restaurant og booking, seier Walczak.
Tildelte pengar fordelt på fylke | Kroner |
---|---|
Agder | 6 480 000 |
Innlandet | 3 720 000 |
Møre og Romsdal | 4 320 000 |
Nordland | 3 540 000 |
Oslo | 45 465 000 |
Rogaland | 23 355 000 |
Troms og Finnmark | 4 060 000 |
Trøndelag | 19 590 000 |
Vestfold og Telemark | 14 475 000 |
Vestland | 1 350 000 |
Viken | 22 62 0000 |
På www.kompetansenorge.no/tildelinger kan du sjå kven som har fått pengar gjennom tildelinga i år.